Rein Alexander møter Hemsingfestivalen
Å beskrive årets festivalartist på Hemsingfestivalen, Rein Alexander, er ikkje gjort i ei handvending. Frå gutesopran i Sølvguttene til opera i Noreg, London og i Tyskland, til musikal og pop og tradisjonell musikk: Den musikalske reisa har vore spennande for Rein Alexander. Frå Hemsingfestivalen vart han utfordra til å setje saman eit program som var eit tverrsnitt av alt han held på med. Rein har teke utfordringa med eit smil og kjem til å fylle Aurdal kirke med den beste musikken.

Artistar som opptrer på konserten
Rein Alexander (vokal)
Ragnhild Hemsing (fiolin, hardingfele)
Mathias Eick (trompet)
Steinar Raknes (kontrabass)
Petter Anthon Næss (klaver)
Tarjei Nysted (multinstrumentalist)
Høgt og lågt, sterkt og svakt og ikkje minst nytt og gammalt. Å beskrive årets festivalartist på Hemsingfestivalen, Rein Alexander, er ikkje gjort i ei handvending. Frå gutesopran i Sølvguttene til opera i Noreg, London og i Tyskland, til musikal og pop og tradisjonell musikk: Den musikalske reisa har ikkje vore snorrett, men ikkje desto mindre spennande for Rein Alexander. Frå Hemsingfestivalen vart han utfordra til å setje saman eit program som var eit tverrsnitt av alt han held på med. Rein har teke utfordringa med eit smil og kjem til å fylle Aurdal kirke med den beste musikken han kan synge.
Reins gjennombrot kom i 2003 i «Kjempesjansen» på NRK, der han vann og brått vart kjendis. Via popmusikk og som solist i klassisk musikk vart det mykje musikal då han seinare fekk hovudrolla i Les Miserables på Bømlo med heile 60–70 framsyningar.
Rein er ein musikalsk brubyggjar mellom klassisk, pop, opera, musikal, folkesong og til og med gregorianske hymner. Alt dette tek han med til Hemsingfestivalen, der teksten i musikken står i sentrum. Stemma kan vere stor eller lita, lys eller mørk, alt etter kva musikken fordrar. Her møter han festivalens eige band med Ragnhild Hemsing, Matthias Eick, Steinar Raknes og Tarjei Nysted i tillegg til sin eigen faste pianist Petter Anton Næss. Møtet i seg sjølv kan bli veldig spennande når Rein har teke med seg favorittsongane sine frå ei rekkje forskjellige sjangrar.
Konserten begynner med den gregoriansk hymna «Hodie» frå 900-talet, før «Allelu», som er ein gælisk song i engelsk språkdrakt. Deretter bevegar konserten seg over i filmmusikk av Ennio Morricone og Nino Rota med slagerar du nok har høyrt før. Songar frå musikalen Les Miserables står sentralt i Rein Alexanders repertoar, og her får vi høyre hits frå musikalen som Rein kjenner så godt gjennom den tidlegare hovudrolla si. Men det blir ikkje berre songar på engelsk. Rein har budd i Italia og byr på ein napolitansk klassikar du garantert har høyrt før, ispedd litt gøy. Sjå opp for bossa nova, seier vi. Klassikaren «Besame mucho» (‘kyss meg mykje’) vart rett nok skriven av ei ung meksikansk jente som aldri hadde kyssa før, men som var inspirert av italiensk opera.
«Marechiare» er ein spretten napolitansk song av Francesco Paolo Tosti, før vi gir oss over til pop-klassikaren «Caruso» av Lucio Dalla. Sjeldan har vel italiensk popmusikk vore meir pasjonert enn dette, men så er det jo klare sambandslinjer mellom opera og pop i operaens heimland. Rein Alexanders musikkformidling står i sentrum for denne konserten med det vi trur blir eit uvanleg potent backing-band i eit unikt møte.
Velkomen til Aurdal kirke og Rein Alexanders møte med Hemsingfestivalen. Sjå opp for allsong og moglege melodiar som festar seg på hjernen!
PS: Rein Alexander syng opera i konserten på søndag saman med Barokkanerne.
Program
«Hodie», gregoriansk hymne frå 900-talet
«Allelu», gælisk song
«Cinema Paradiso», av Ennio Morricone
«Speak softly», frå Gudfaren av Nino Rota
«Bring him home» frå Les Misérables, av Claude-Michel Schönberg, Herbert Kretzmer og
Alain Boublil
«Ave Maria», av Giulio Caccini
«O sole mio», av Eduardo Di Capua (melodi) og Giovanni Capurro (tekst)
«Besame mucho», av Consuelo Velázquez
«Marechiare», av Francesco Paolo Tosti
«Caruso», av Lucio Dalla
Restriksjoner
Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderast ikkje.