page view image

Festopning i Aurdal kyrkje: Klang og poesi – mellom tonar og draumar

Opningskonsert for Hemsingfestivalen 2027 med Cecilie Løken, Sidsel Walstad, Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing og Ensemble Allegria.

Informasjon
event image

Program

Mozart - Duo for fiolin og bratsj i B-dur nr 2, k. 424 (21 min)

Eldbjørg Hemsing (fiolin), Ragnhild Hemsing (bratsj)


Debussy - Claire de Lune (4 min)

Sidsel Walstad (harpe), Ensemble Allegria


Massenet - Meditation frå Thais (5:30 min) 

Eldbjørg Hemsing (fiolin), Sidsel Walstad (harpe)


Bizet - Menuet fra L’Arlesienne Suite (3:30 min)

Bizet - Intermezzo fra Carmen (2:30 min)

Cecilie Løken (fløyte), Sidsel Walstad (harpe)


Ibert - Entr’Acte (3 min)

Cecilie Løken (fløyte), Sidsel Walstad (harpe)


Fauré - Sicilienne (3:30 min)

Cecilie Løken (fløyte), Sidsel Walstad (harpe)


Mendelssohn - Strykesymfoni nr 10 i h-moll (10 min)

Ensemble Allegria

Me ynskjer velkomen til Hemsingfestivalen med ein festkveld av fantastiske musikarar i tett samspel. Kammerkonsert med Cecilie Løken, Sidsel Walstad, Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing og Ensemble Allegria.

Eit program i romantikkens og den franske musikkens teikn – frå Mozarts livlege duett for fiolin og bratsj til Debussys draumande Clair de lune, via Massenets Meditation fra Thais og fransk eleganse hos Bizet, Ibert og Fauré. Fløyte, harpe og strykarar møtest i eit program som vekslar mellom det intime og det storslåtte, samt det lyriske og det virtuose. Konserten blir avslutta med Mendelssohns sprudlande og romantiske Strykesymfoni nr. 10 – ei musikalsk reise frå romantikkens varme klang til den franske musikkens poetiske, skimrande draumeverd. Her møter vi Ensemble Allegria både som fullt orkester og som enkeltmusikarar i ein sjeldan og personleg kammermusikalsk konstellasjon saman med Cecilie Løken på fløyte, Sidsel Walstad på harpe, Eldbjørg Hemsing på fiolin og Ragnhild Hemsing på fiolin. Dette er eit program med store kontrastar, men med éin fellesnemnar: ein kjærleik til den vakre, levande og fargerike kammertonen, i samspel med glitrande fløytetonar og hypnotiserande harpespel.

hemsingfestivalen klassiskmusikk klassisk aurdal valdres musikk folkemusikk hemsing eldbjørghemsing ragnhildhemsing cecilieløken sidselwalstad ensembleallegria fiolin harpe fløyte konsert

Restriksjoner

Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje.