Heime hjå Hemsing
Konsert med Ragnhild Hemsing (fiolin), Unni Løvlid (sang), Johannes Martens (cello) og Ellisiv Tandberg (klaver).
Ragnhild Hemsing opnar heimen sin i Aurdal og Ballsalen i Sorenskrivargarden i Aurdal frå 1800-talet.
Ragnhild Hemsing opens her 19th century home (Sorenskrivargarden) in Aurdal and its exquisite Ballroom.
Konsert med Ragnhild Hemsing (fiolin), Unni Løvlid (sang), Johannes Martens (cello) og Ellisiv Tandberg (klaver).
Når Hemsingfestivalen blir arrangert for 15. gong, er vi glade for å vende tilbake til noko av sjølve essensen i festivalen – kammermusikk i intime og stemningsfulle omgjevnader.
Den nyrestaurerte Ballsalen i Sorenskrivargarden, med vakre dekorasjonar i stil frå 1860-talet og eit nystemt piano, dannar ei perfekt ramme for ei musikalsk stund utanom det vanlege.
Publikum får høyre eit utval klassiske perler framførte av Ragnhild Hemsing (fiolin), Unni Løvlid (song), Johannes Martens (cello) og Ellisiv Tandberg (klaver). I dei heimlege og historiske omgjevnadene kjem musikken tett på, og inviterer til ei varm og nær konsertoppleving.
Velkomen til Ballsalen – velkomen til Heime hjå Hemsing!
Restriksjoner
Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: daglig-leder@hemsingfestivalen.no
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderast ikkje.