page view image

Avslutningskonsert i Aurdal Kyrkje

Avslutningskonsert for Hemsingfestivalen 2027 med FRAMR-talent, Eldbjørg Hemsing (fiolin), Ragnhild Hemsing (hardingfele), Unni Løvlid (sang), Johannes Martens (cello) og Ellisiv Tandberg (klaver).

Informasjon
event image

Hemsingfestivalen rundar av årets festival med ei musikalsk reise som spenner over heile 700 år! På den siste konserten får vi oppleve FRAMR-talent i samspel med Eldbjørg Hemsing, Ragnhild Hemsing, Johannes Martens, Unni Løvlid og Ellisiv Tandberg.

Vi takkar for følgjet med eit musikalsk festmåltid – ei fargerik minestronesuppe av musikalske ingrediensar, der barokkmusikk møter ulike musikalske ståstader og perspektiv. Her blir det rom for både kontrastar, overraskingar og spennande møte mellom musikarar og uttrykk.

Ei verdig og leiken avslutning på årets festival – og ein stor takk til alle som har vore med oss!

Velkomen tilbake neste år!










hemsingfestivalen valdres aurdal klassisk musikk folkemusikk aurdal kirke ragnhild hemsing

Restriksjoner

Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: daglig-leder@hemsingfestivalen.no

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje.