page view image

Rakfisk Forte Fortissimo

Konsert og lunsj på Noraker Gård i Aurdal | Concert and lunch at Noraker Farm in Aurdal

Informasjon
event image

Konserten startar kl.13.00 og blir etterfølgd av lunsj på Noraker Gård. Både ferskvare og godt laga og lagra står på bordet og programmet. Unge talent og erfarne musikarar bidreg med musikalske godsaker. Etter dette kan ein gi seg hen til dei mange rettane og variantane frå Noraker Gård. 

Konsert med Ragnhild Hemsing (fiolin, hardingfele), Jadran Duncumb (lutt) og André Lislevand (gambe), Sivert Holmen (hardingfele) og talent frå FRAMR

Hardingfela sine kviskrande understrenger og luttens djupe bordun spinn eit klangleg møte mellom to rike tradisjonar: norsk folkemusikk og europeisk barokkmusikk. Her blir barokkens dansar og improvisatoriske former fletta saman med dei rytmiske og melodiske linjene frå norske bygdelåttar. Resultatet er ein musikalsk vev der ulikskapane får spele kvarandre gode – og der klangen ber minne både om fortid og samtid.

På programmet står verk av Marais, Biber, Matteis, Gaultier le Vieux og de Boesset – i dialog med tradisjonslåttar frå Valdres, framførte i ny drakt.

Musikarane er tre framståande utøvarar innanfor tidlegmusikk og folkemusikk:

Ragnhild Hemsing – hardingfele og fiolin, kjend for å bygge bru mellom klassisk og tradisjonelt uttrykk.

Jadran Duncumb – lutt og gitar, ein virtuos utøvar med djup innsikt i barokkens ornamentikk og improvisasjon.

André Lislevand – gambe, ein sterk formidlar av både tidlegmusikk og nyskaping innanfor historiske uttrykk. 

Sivert Holmen – hardingfele og Hardanger d’amore, ein utøvar som har røtene i Valdres. Desse instrumenta møter impulsar frå samtidsmusikk, improvisert musikk og kunstmusikk når Sivert Holmen spelar.


Gjennom mange hundreår har vi sett korleis mat og musikk går godt saman. Musikken kan vere anten aperitiff eller dessert, men ofte er han hovudrett. Når Hemsingfestivalen landar på Noraker, blir det først musikk og så rakfisk i mild, lagra eller vellagra variant. Eller nokre andre variantar, gjerne serverte med den eminente sennepssausen deira. 

FRAMR er Hemsingfestivalens satsing på eit talentprogram for klassisk musikk og folkemusikk der utøvarane kjem frå begge sjangrar. Programmet har som mål å gi innsikt i kva folkemusikken har å seie for den klassiske musikken, og omvendt. Det blir musikalske smakebitar frå noko av det dei unge musikarane har jobba med dei siste dagane.



Concert and lunch at Noraker Gård. The freshest ingredients and expert preparation are hallmarks of both food and music at this delectable event. Outstanding young musicians and our world-class performers contribute musical treats. After the concert, you will have the opportunity to experience Noraker Gård's many amazing dishes and offerings.

Concert with Ragnhild Hemsing (violin, Hardanger fiddle), Jadran Duncumb (lute) and André Lislevand (gambe), and talents from FRAMR


The Weave of Sound – Resonant Strings Between Folk Music and the Past”

The whispering sympathetic strings of the Hardanger fiddle and the deep drones of the lute spin a sonic meeting between two rich traditions: Norwegian folk music and European Baroque. Here, Baroque dances and improvisational forms intertwine with the rhythmic and melodic contours of Norwegian “slåtter” and village tunes. The result is a musical tapestry where contrasts enhance each other – and where the sound evokes both the past and the present.

The programme features works by Marais, Biber, Matteis, Gaultier le Vieux and de Boesset – in dialogue with traditional tunes from Valdres, presented in a new sonic setting.

The performers are three leading artists in early music and folk traditions:

Ragnhild Hemsing – Hardanger fiddle and violin, known for bridging the worlds of classical and traditional music.

Jadran Duncumb – lute and guitar, a virtuoso with deep insight into Baroque ornamentation and improvisation.

André Lislevand – viola da gamba, a powerful interpreter of early music and innovator within historical performance.

Sivert Holmen – Hardanger fiddle and Hardanger d’amore, a performer with roots in Valdres. His instruments meet impulses from contemporary music, improvised music and art music.


For centuries, we’ve seen how food and music make an excellent pairing. Music can serve as an aperitif or a dessert – but more often, it’s the main course. When the Hemsing Festival visits Noraker, the evening begins with music and ends with rakfisk – mild, aged or well-aged. Or perhaps other varieties, often served with their renowned mustard sauce.

FRAMR is the Hemsing Festival’s talent initiative, bringing together young performers from both classical and folk music traditions. The programme aims to explore how folk music influences classical music – and vice versa. The audience will get a taste of what the young musicians have been working on over the past few days.




hemsingfestivalen valdres aurdal klassisk musikk rakfisk noraker noraker gård

Restriksjoner

Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje.