I kveldsetun - «Testosteron» med TRAKTOR

Arrangementsinformasjon

Lengd: 1 t 10 min

Med: Frank Havrøy og Traktor (Johannes Skyberg, Nora Hannisdal, Gunnar Flagstad, John Ivar Knutzen, Kristin Fyrand Mikkelsen og Elisabeth Maria López Wulfsberg)

Kva skjer med mannen når kulemagen veks, testosteronet er i fritt fall og sjølvrespekten tek ferie? I skjeringspunktet mellom teater, stand-up og opera legg musikkensemblet Traktor mannsrolla under kniven. Lag for lag skreller dei seg nådelaust innover og tek for seg forholdet hans til kvinner, dei botnlause tapa, dei avskyelege svakheitene og dei vakre draumane hans.

For lengst der inne, der testosteronet framleis bruser og lever, er han ikkje ein middelaldrande mann med mage som skjuler manndommen. Lengst der inne er han ein pistolero med krut i nevane og beltet fullt av ammunisjon. Ein western-helt som fuktar strupen med børst og flørtar med vakre saloon-piker. Lengst der inne er han Morgan Kane.

Baren er open på Nythun.

hemsing
klassisk
valdres

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke.

Vi tar forbehold om endringer i programmet.