page view image

Vandrekonsert på museet

3 konsertar på Valdres Folkemuseum

Information
event image

Vandrekonserten inneheld tre konsertar med ulikt programinnhald på same konsertbillett. Møt opp ved bygningen du kjøper billett til. Der blir du møtt av ein guide som følgjer deg rundt frå éin konsert til neste. Alle konsertane startar kl.12.00. Kvar konsert varar i 20 minutt, og så får du 10 minutt mellom konsertane til å kome deg til neste hus med neste konsert. Før eller etter konsertane er det moglegheit for lunsj på museet. 

Valdres Folkemuseum vart etablert i 1901 og er eit av dei største og eldste friluftsmusea i landet. Det er konsolidert med to mindre museum, og saman utgjer dei Valdresmusea, som vart kåra til årets museum i Noreg i 2022.  Valdresmusea forvaltar store samlingar og arkiv og samarbeider med alt frå forskingssektoren og frivilligheita til musikk- og kulturlivet om konsertar, festivalar og arrangement. Eit viktig satsingsområde er folkemusikk og folkedans. Valdres Folkemuseum ligg på ei halvøy i Strøndafjorden, 800 meter frå Fagernes sentrum i Valdres.


Program

Konsert 1, Festsalen. Klassiske tonar med Tor Espen Aspaas og Eldbjørg Hemsing

Lengde: 20 min

Konsert 2, Rognebygningen. Folkemusikk ved langeleikspelar Ingrid Lingaas Fossum

Lengde: 20 min

Konsert 3, Slidrehuset. Tonar frå barokken ved Thibaut Garcia og Adrien la Marcia

Lengde: 20 min

Restrictions

Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com

Waiver

Kjøpte billettar refunderast ikkje.