page view image

Search for events

Anne Sofie von Otter med band

Å vere på konsert med superstjerna Anne Sofie von Otter er å vere med på det uventa: klassiske lieder, kabaretmusikk, opera, folkemusikk og popmusikk i ei salig blanding. Kanskje er det denne evna til å nå fram i så mange sjangrar og stilartar som har gjort Anne Sofie til ein av dei største songarane i Norden nokosinne.

22.02.2025 18:00 @ Aurdal kirke Valdresvegen 29, 2910 Aurdal
Frå Versailles til Valdres

Kammerkonsert med Ragnhild Hemsing (fiolin og hardingfele), Thibaut Garcia (gitar), Jadran Duncumb (lutt), Johanna Falkinger (sopran) og Barokkanerne.

21.02.2025 18:00 @ Aurdal kirke Valdresvegen 29, 2910 Aurdal
Ølsmaking, skjemt og musikk hjå Små Vesen

Velkomen inn til oss hjå Små Vesen! Me ryddar plass på lageret og ber inn til ei konsertoppleving blant øltankar og lagerreolar, heilt utanom det vanlege. Du vil få smake på fleire av produkta våre, og få servert nokre skrøner og litt skjemt frå bryggarane Espen og Kristian. Dette blir intimt og godt – ein retteleg flott lagerfest!
Hemsingfestivalen står for musikken denne festkvelden.

21.02.2025 20:00 @ Små Vesen Oslovegen 797, 2910 Aurdal
Smak med tonar / Gourmet musical dinner

Mat og musikk av ypparste kvalitet.
Det blir skjemt og alvor med musikk av topp-musikarar innimellom fire rettar med kvalitetsmat med lokale råvarer – med andre ord ein fornøyeleg og fordøyeleg kveld.

Enjoy food and music of the highest quality, Hemsingfestivalen-style.
Each of four gourmet locally-sourced courses across the evening will be punctuated by fabulous musical interludes from our world-class musicians.

21.02.2025 20:00 @ Nythun AS, Nythunvegen 6, 2890 Etnedal
“Vivaldi i Valdres”, familiekonsert i Aurdal kirke

Familiekonsert i Aurdal kirke med Valdresstrykerne, Follofeler, Ragnhild Hemsing og Barokkanerne.
Vaksen Kr 100
Barn/ungdom/student: Gratis

22.02.2025 12:00 @ Aurdal kirke Valdresvegen 29, 2910 Aurdal
Heime hjå Line & Tor-Evert i Øvre Brekkebakkadn

Velkomen til konsert på Øvre Brekkebakkadn. I låven har det budd dyr i mange år, og i nyare tid var dette eit lite heim for nokre optimistiske innflyttarar til bygda. Den tyske cellisten Benedict Kloeckner er ein fantastisk musikar i verdsklasse som kjem og set tonar til eit rom med mange kjensler oppe på garden. Tor-Evert Grøndal les opp nokre tekststykke frå boka Småbruksdraumen. Velkomen til ein lun og personleg konsert på ein høgdegard i Valdres. Kun 30 billettar.

22.02.2025 12:00 @ Øvre Brekkebakkadn (kan søkast på Google Maps)
Vandrekonsert på museet

3 konsertar på Valdres Folkemuseum

22.02.2025 12:00 @ Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27 2900 Fagernes
Heime hjå Hemsing | Home Concert at the Hemsing Ballroom

Ragnhild Hemsing opnar heimen sin i Aurdal og den nyrestaurerte Ballsalen i Skrivargarden i Aurdal frå 1800-talet.
Ragnhild Hemsing and family opens their 19th century home (Skrivargarden) in Aurdal and its exquisite newly restored Ballroom.

22.02.2025 16:00 @ Ballsalen Skrivargarden Danebuvegen 3, 2910 Aurdal
Sold out
Kviss med tonar | Quiz with tones

Tradisjonen tru avsluttar me laurdagskvelden med ein uformell kviss. Konsertkviss er ei gyllen anledning for deg til å bli kjend med musikarane frå ei anna side. Bente Hemsing og Tor Espen Aspaas leiar kvissen, og festivalartistane opptrer. Innimellom musikkinnslaga blir det varierte spørsmål som publikum kan svare på enkeltvis eller i grupper. Og om du berre vil nyte musikkinnslaga, er du velkomen til det.

22.02.2025 20:00 @ Skrautvålsvegen 15, Fagernes, Norway
Avslutningskonsert med Anne Sofie von Otter og Barokkanerne

Avslutningskonsert for Hemsingfestivalen 2025 med Anne Sofie von Otter (mezzosopran), Fabian Fredriksson (gitar), Jadran Duncumb (lutt) og Barokkanerne.

23.02.2025 12:00 @ Aurdal kirke Valdresvegen 29, 2910 Aurdal
page view image
logo

Hemsingfestivalen

Lost your tickets?
Redeem your reservations now
Address
Hemsingfestivalen
Danebuvegen 3
Aurdal