Musikkaperitiff på Frydenlund skysstasjon

Arrangementsinformasjon

Lengd på arrangementet: 60 min

Marit Karlberg og Frank Henrik Rolland har dukka ned i folkemusikken sine skattekister og funne slåttar, balladar, viser, salmar og slåttestev som dei vil dele med lydarane. Musikken har vandra i tid og rom og funne rotfeste i folkemusikktradisjonane i Hardanger og Valdres. Du får høyre hardingfele og song i solo og samspel, av og til med følgje av langeleik og harmonium.

Frank Henrik Rolland, hardingfelespelar frå Hardanger og fylkesmusikar i Hordaland. Læraren hans på hardingfele har vore Knut Hamre, og han har sjølv vore lærar for ei rekkje yngre felespelarar ved musikkskular i Hardanger. Rolland gav ut den første soloplata si i 2008: Hardingfele. Her fordjupar han seg i klassiske slåttar frå Hardanger, som han framfører i presise og nyanserike versjonar.

Marit Karlberg har ei av dei mest særeigne kvedarstemmene i Noreg. Ho har sikker stilkjensle og er kreativ og nyskapande. Ho har brukt mykje tid på å leite i gamle songbøker og arkiv og har utvikla sin eigen spelteknikk på langeleiken som ho brukar til akkompagnement. Karlberg var med i vokalgruppa Dvergmål (1995–2005) og er med i duoen Sudan Dudan i lag med Anders Erik Røine.

Sal av drikke med ein smakebit av lokalprodusert rakfisk og kurv før konserten i Aurdal kirke kl. 18.00. Det er gangavstand til kyrkja. 

hemsingfestival

Restriksjoner

Festivalpass gjeld ikkje her, på grunn av avgrensa plass.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke.

Vi tar forbehold om endringer i programmet.