page view image

Heime hjå Hemsing | Home Concert at the Hemsing Ballroom

Konsert med Eldbjørg Hemsing (fiolin) og Julien Quentin (klaver)

Ragnhild Hemsing opnar heimen sin i Aurdal og den nyrestaurerte Ballsalen i Sorenskrivargarden i Aurdal frå 1800-talet.

Ragnhild Hemsing opens her 19th century home (Sorenskrivargarden) in Aurdal and its exquisite newly restored Ballroom.

Informasjon
event image

Konsert med Eldbjørg Hemsing (fiolin) og Julien Quentin (klaver)


Edvard Grieg: Sonate for fiolin og klaver i G-dur, 1. sats


Arctic Suite Selection

Henning Sommerro: Vårsøg 

Rautavaara: Whispering 

Frode Fjellheim: Under the Arctic Moon

Edvard Grieg: Våren 

Jacob Shea: Sea Ice melting 

Ola Gjeilo: Dawn 


Ottorino Respighi ‒ Sonate for fiolin og klaver i h-moll, P 110
I. Moderato
II. Andante espressivo
III. Passacaglia

Eldbjørg Hemsing (fiolin), Julien Quentin (klaver) 


Når Hemsingfestivalen blir arrangert for 14. gong, er vi glade for å kunne gå til noko av essensen for festivalen, som er kammermusikk i intime settingar. Ballsalen i Sorenskrivargarden er nyrestaurert med dekorasjonar i stil frå 1860-talet, pianoet nystemt, og kva er då betre enn kammermusikk i slike settingar med fiolinist og festivalsjef Eldbjørg Hemsing? Franske Julien Quentin er kjent som ein sensitiv og mangefasettert pianist og som samspelpartnar med nokre av dei leiande musikarane i verda, som Nicolas Altstaedt, Emanuel Ax, Lisa Batiashvili, Gautier Capuçon, Martin Fröst, Sol Gabetta og no Eldbjørg Hemsing.

Konserten opnar med førstesatsen frå Griegs berømte fiolinsonate i G-dur. Denne sonaten vart skriven i 1868, berre tre veker etter at han gifta seg med si Nina. Førstesatsen begynner riktignok nok litt nedstemt, men det varer ikkje så lenge før dei raskare springarrytmane tek over. Grieg var som kjent inspirert av norsk folkemusikk og fiolinisten Ole Bull, og vi høyrer inspirasjonen frå hardingfelemusikken i rytmikk og tonespråk. 

På Eldbjørg Hemsings konseptalbum, Arctic, som kom ut på Sony i 2023, finn vi ein stort opplagd suite som er sett saman av forskjellige komponistar. Suiten skal vise det vakre i naturen i den nordlege landsdelen og er ei musikalsk reise som viser livet, venleiken og variasjonane i dei evig repeterande årstidssyklusane. Vi får servert vakre melodiar frå ein imaginær film som gjennom musikk hyllar det storslåtte landskapet i nord. Sommerros «Vårsøg» er for lengst blitt ein del av den norske songskatten, mens Rautavaaras «Whispering» ikkje er mindre vakker. Frode Fjellheim er nok mest kjent for noko av filmmusikken frå «Frozen». «Under the Arctic Moon» er inspirert av joik. Griegs «Våren» er blant  dei mest berømte songane frå den klassiske musikken, i versjonar for kor, som solosong og som melodi. Jacob Shea skreiv saman med Hans Zimmer filmmusikken til tv-serien «The Blue Planet». «Sea ice melting» er eit av dei mest ekspressive og kraftfulle stykka frå ein av episodane. Ola Gjejlo kjenner nok mange som ein mykje framført komponist av kormusikk, men også kammermusikk og større symfoniske verk. Han er kjent for å ha sterk melodisk teft, og stykket «Dawn» avsluttar dette utdraget frå «Arctic suite».

Ottorini Respighi var sjølv pianist, men er nok mest kjent for orkesterverka sine og særleg symfoniske dikt som «Fontenene i Roma» og «Pinjene i Roma». Som ein av dei leiande italienske komponistane skreiv han musikk i ei rekkje sjangrar. Hans sonate for fiolin og klaver i h-moll brukte han å spele sjølv, saman med sin eigen lærar, Federico Sarti. Sonaten har kompleks rytmikk og unik tonalitet i seinromantisk stil. Her finst lengselsfulle tema og utbrot saman med dramatikk.  Stykket vart rekna for å vere vanskeleg å spele, men er i dag svært populært på konsertrepertoaret. Ikkje mange musikkstykke har ein sats der fiolinstemma går i 4/4-takt, mens akkompagnementet går i 10/8-delstakt. Det var kanskje derfor at forleggjaren til Respighi lurte på om sonaten skulle givast ut på nytt i 1947 eller ikkje? Dette er neppe noko for amatørar. Då er det bra at det er Eldbjørg Hemsing og Julien Quentin som spelar. Velkomen til Ballsalen!




hemsingfestivalen valdres aurdal klassisk musikk folkemusikk ragnhild hemsing fiolin

Restriksjoner

Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje.