Vandrekonsert på museet
3 unike konsertar på Valdres Folkemuseum på Fagernes
Vandrekonserten inneheld tre konsertar med ulikt programinnhald på same konsertbillett. Du blir møtt av ein guide som følgjer deg rundt frå éin konsert til neste. Alle konsertane startar kl.12.00. Kvar konsert varar i 20 minutt, og så får du 10 minutt mellom konsertane til å kome deg til neste hus med neste konsert. Før eller etter konsertane er det moglegheit for lunsj på museet. Større grupper vert bedne om å bestille bord: post@fjordkafeen.no / +47 489 49 090
Valdres Folkemuseum er eit av dei største og eldste friluftsmusea i landet. I 2026 er det 125 år sidan museet vart stifta. Museet tilhøyrer museumsorganisasjonen Valdresmusea, som i 2022 vart kåra til årets museum i Noreg. Valdresmusea samarbeider med alt frå forskingssektoren til frivilligheita og musikk- og kulturlivet om store og små prosjekt, konsertar, festivalar og arrangement. Eit viktig satsingsområde for museet er folkemusikk og folkedans. Valdres Folkemuseum ligg på ei halvøy i Strøndafjorden, 800 meter frå Fagernes sentrum.
About
The Walking Concert consists of three concerts with different programs, all included on the same concert ticket. A guide will meet you and lead you from one concert to the next. All concerts begin at 12:00 PM. Each concert lasts for 20 minutes, followed by a 10-minute break to walk to the next venue. Before or after the concerts, there is an opportunity to enjoy lunch at the museum.
Valdres Folk Museum was established in 1901 and is one of the largest and oldest open-air museums in the country. It is consolidated with two smaller museums, and together they form Valdresmusea, which was named Norway’s Museum of the Year in 2022. Valdresmusea manages extensive collections and archives and collaborates with everything from the research sector and volunteers to the music and cultural community on concerts, festivals, and events. One of its key focus areas is folk music and folk dance.
Valdres Folk Museum is located on a peninsula in Strøndafjorden, just 800 meters from the center of Fagernes in Valdres.
Konsert 1, Festsalen
Lengde: 20 min
Utøvere: Ellisiv Tandberg (klaver)
Konsert 2, Rognebygningen
Lengde: 20 min
Utøvere: Unni Løvlid (sang) og Johannes Martens (cello)
Konsert 3, Slidrehuset
Lengde: 20 min
Utøvere: Sidsel Walstad (harpe) og Marcus Lewin (trommer)
“Frå Händel til Hendrix”
Kva skjer når ein klassisk soloharpist og ein allsidig trommeslagar slepper seg laus?
Med gullharpe, elektrisk harpe og trommer byr Sidsel Walstad og MarcusLewin på eit musikalsk møteder sjangrane blir blanda, forventninganeblir utfordra, og det meste kan skje!
Her møtest vakre klangar, heftige rytmar og uventa musikalske vendingar. Og kanskje viser harpa seg frå sider du aldri hadde førestilt deg?
Bli med på eit leikent og energisk musikalsk møte – resten får bli ei overrasking!
Restriktioner
Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: daglig-leder@hemsingfestivalen.no
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar refunderast ikkje.