page view image

Frå Versailles til Valdres

Kammerkonsert med Ragnhild Hemsing (fiolin og hardingfele), Thibaut Garcia (gitar), Jadran Duncumb (lutt), Johanna Falkinger (sopran) og Barokkanerne.

Information
event image

Programleiar/host: Tor Espen Aspaas

Kammerkonsert med Ragnhild Hemsing (fiolin og hardingfele), Thibaut Garcia (gitar),  Jadran Duncumb (lutt), Johanna Falkinger (sopran) og Barokkanerne.

Lengde: 1 t 30 min

Program

Vivaldi: Konsert i G-dur for to mandoliner

Thibaut Garcia, Jadran Duncumb, Barokkanerne


Vivaldi: Agitata da due venti

Johanna Rosa Falkinger, Barokkanerne 


Dario Castello: Sonata X 

Barokkanerne


Händel: Amarti si vorrei ra Teseo HWV 9

BS/Falkinger: Colpirmi ancor

Johanna Rosa Falkinger, Barokkanerne 


Agnes Ida Pettersen: «Springar», for hardingfele og barokkensemble. Urframføring.

Ragnhild Hemsing, Barokkanerne


Suite Mosaique “Valdres møter Versailles”: Marais, Couperin og folkemusikk

Ragnhild Hemsing, Barokkanerne


Vivaldi: Sovente il sole

Johanna Rosa Falkinger, Barokkanerne 


Vivaldi: Frå dei norske årstider, «Sommer», arr. hardingfele

Ragnhild Hemsing, Barokkanerne


Ordet barokk kan omsetjast med «forvridd perle». Heile perioden frå 1600 til 1750 står for skjønnheit og kontrastar og ønsket om å uttrykkje dei sterkaste kjenslene i musikken, såkalla affektar. I kammerkonserten «Frå Valdres til Versailles» får du mange perler frå noko av det beste vokale og instrumentale repertoaret frå denne perioden. Hoffmusikk og opera alternerer med dansegolvet. Ser vi på den franske barokkmusikken, er det mange likskapar med folkemusikken frå Valdres når det gjeld forsiringar i musikken eller ornament som trillar, forslag, sprang og krullar. Dette har ført til det lange samarbeidet mellom Ragnhild Hemsing og Barokkanerne, som har resultert i konsertar i mange land og ei plateinnspeling med Vivaldis fire årstider på hardingfele, blanda med folkemusikk frå Valdres og til og med nyskriven musikk for denne besetninga. Det austerrikske stjerneskotet Johanna Falkinger er sopran og vann Aria Borealis’ songkonkurranse i 2022 i Bodø. No er ho ein ettertrakta solist innanfor opera, oratorium og i andre samanhengar på store scener over heile Europa. I Aurdal-kyrkja skal ho synge både fort og sterkt, svakt og trist og lykkeleg og overstrøymande.

Vivaldi kom frå Venezia og skreiv for alle tenkjelege instrument. Mandolinane var populære i Venezia, og konserten i G-dur for to mandolinar er av det lykkelege slaget med ei svingande innleiing som glir over i ein mollstemt andresats før avslutninga er meir virtuos og oppløftande. Arien «Agitata da due venti» var eit bravurnummer for ein berømt sopran som Vivaldi brukte fleire gonger. Det same gjorde Händel med gråtearien «Laschia Ch'io pianga», som må vere ein av dei vakraste og mest kjende songane hans, kjend frå mange filmar. Purcell er ikkje snauare enn at han òg laga ein berømt gråtearie i «O, let me weep» frå operaen The fairy queen. Men så var engelskmennene også kjende for å dyrke det melankolske på den tida.

Dario Castello verka i første halvdel av 1600-talet, før instrumentalmusikken hadde fått så faste former, i motsetning til seinare i barokken. I Sonata X er det mange fantasifulle innfall som går over i kontrasterande og langsame parti og passasjar som spinn vidare i rasande fart.

Kva hadde skjedd om ein tok ein av dei beste hardingfelespelarane frå Valdres på 1700-talet, kledde henne opp i pudderparykk og knebukser og plasserte henne saman med andre musikarar ved Solkongens hoff i Versailles? I «Suite Mosaique» har Ragnhild Hemsing og Jadran Duncumb laga eit slikt eksperiment, der folkemusikken blir akkompagnert av barokkinstrument, og der hardingfela ofte tek solostemma i fleire utdrag frå operaer og ballettar av hoffkomponistane Marin Marais og François Couperin.

Arien «Sovente il sola» har ein vakker fiolinsolo før songen set inn. Denne fiolinsoloen var  visstnok den siste Vivaldi spelte offentleg som solist i verket Andromeda liberata. Teksten beskriv korleis den skinande sola kan formørkast, og at det stille havet blæs opp til storm i løpet av ein augneblink. Det kan også skje med sjela.

Vi lova ei perlerekkje med barokk-hittar i denne konserten. Til slutt får du oppleve ein av dei aller største, nemleg «Sommaren» av Vivaldi frå Dei fire årstidene – på Valdres-manér. Og då blir det med hardingfele. Våren 2024 vart dette verket spelt inn på plate av Ragnhild Hemsing og Barokkanerne, og heile albumet vart sleppt på hausten i fjor. Alt no har det vorte framført på fleire festivalar, som på festspela i Bergen og på Glogerfestspillene på Kongsberg. No serverer vi det i Aurdal. Ver så god!




hemsingfestivalen valdres aurdal klassisk musikk folkemusikk ragnhild hemsing eldbjørg hemsing barokkanerne thibaut garcia tor espen aspaas

Restriktioner

Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar refunderast ikkje.