Vandrekonsert på museet

3 unike konsertar på Valdres Folkemuseum på Fagernes

page view image
Evenemangsdatum

lördag 21 feb 2026 12:00

avslutas lördag 21 feb 2026 14:00
Beställ

Tillgängliga artiklar

Vaksen
Born/ungdom/student
event image

Evenemangsinformation

Vandrekonserten inneheld tre konsertar med ulikt programinnhald på same konsertbillett. Du møtt av ein guide som følgjer deg rundt frå éin konsert til neste. Alle konsertane startar kl.12.00. Kvar konsert varar i 20 minutt, og så får du 10 minutt mellom konsertane til å kome deg til neste hus med neste konsert. Før eller etter konsertane er det moglegheit for lunsj på museet. Større grupper vert bedne om å bestille bord: post@fjordkafeen.no / +47 489 49 090

Valdres Folkemuseum er eit av dei største og eldste friluftsmusea i landet. I 2026 er det 125 år sidan museet vart stifta. Museet tilhøyrer museumsorganisasjonen Valdresmusea, som i 2022 vart kåra til årets museum i Noreg. Valdresmusea samarbeider med alt frå forskingssektoren til frivilligheita og musikk- og kulturlivet om store og små prosjekt, konsertar, festivalar og arrangement. Eit viktig satsingsområde for museet er folkemusikk og folkedans. Valdres Folkemuseum ligg på ei halvøy i Strøndafjorden, 800 meter frå Fagernes sentrum.


About

The Walking Concert consists of three concerts with different programs, all included on the same concert ticket. A guide will meet you and lead you from one concert to the next. All concerts begin at 12:00 PM. Each concert lasts for 20 minutes, followed by a 10-minute break to walk to the next venue. Before or after the concerts, there is an opportunity to enjoy lunch at the museum.

Valdres Folk Museum was established in 1901 and is one of the largest and oldest open-air museums in the country. It is consolidated with two smaller museums, and together they form Valdresmusea, which was named Norway’s Museum of the Year in 2022. Valdresmusea manages extensive collections and archives and collaborates with everything from the research sector and volunteers to the music and cultural community on concerts, festivals, and events. One of its key focus areas is folk music and folk dance.

Valdres Folk Museum is located on a peninsula in Strøndafjorden, just 800 meters from the center of Fagernes in Valdres.


Konsert 1, Festsalen. 

Klassiske tonar med Eldbjørg Hemsing (fiolin), Raphaela Gromes (cello) og Julien Quentin (klaver) 

Lengde: 20 min

Program 

Frédéric Chopin: Waltz op. 64 nr 2 i ciss-moll

Clara Schumann: Klavertrio g-moll, op. 17.  3. sats

Felix Mendelssohn: Klavertrio nr. 1, op. 49.  1. sats 


Konsert 2, Rognebygningen.

Folkemusikkstund med Unni Løvlid (song) og Johannes Martens (cello og hardingcello)

Lengde: 20 min

Menneske har alltid vandra – over heile verda, til alle tider. Frå uro og naud har dei søkt mot betre kår, for seg sjølve og for dei dei er glade i. Dette er dessverre eit brennaktuelt tema også i vår tid. Inspirert av Franz Schubert presenterer den folkekjære tradisjonsberaren og fornyaren Unni Løvlid songar om vandring og forflytting – både i tid og rom. Cellisten Johannes Martens akkompagnerer på sin nylaga hardingcello, bygd av felemakar og spelemann Ottar Kåsa. Johannes Martens var den første som bestilte ein hardingcello frå Ottar, som til no har bygd tre slike. Dette er første gongen desse to framifrå musikarane møtest i samspel.


Konsert 3, Slidrehuset. 

Forteljarstund med Hanna-Maria Grønneberg (skodespelar) 

Lengde: 20 min

Skodespelar Hanna-Maria Grønneberg inviterer til ei intim og nær forteljarstund under Hemsingfestivalen. Med varme, nærvær og sterk formidlingsevne tek ho publikum med inn i si eiga forteljingsverd, der små augeblink og store kjensler møtest i levande form. Grønneberg er utdanna ved Teaterhøgskulen og har gjort seg bemerka både på scena og i ulike formidlingsprosjekt for born og vaksne. Ho har ein særskild evne til å skapa kontakt med publikum – og gjera det nære og enkle til noko djupt gripande.

Restriktioner

Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billettar refunderast ikkje.

Taggar

valdresmusea
Arrangör
Hemsingfestivalen