page view image

Festopning | Opening concert

Me ynskjer velkomen til Hemsingfestivalen med ein festkveld av fantastiske musikarar i tett samspel.

We would like to welcome you to the Hemsing Festival with a festive evening featuring wonderful musicians, fantastic music, and a warm, inviting setting.

Informacje
event image

Lengde: 1 t. 35 min.

Programleiar / host: Tor Espen Aspaas

Opningstalarar: Eldbjørg og Ragnhild Hemsing


Program


Händel: Sonata HWV 399 i G-dur, «Allegro», «Passacalle» og «Menuet»

Barokkanerne


Händel: What Passion cannot Music raise and quell!

BS/J. Falkinger: Kantata, "Colpirmi ancor un volta"

Johanna Falkinger (sopran), Barokkanerne


Tradisjonelle og nye arrangement for langeleik og hardingfele 

Ingrid Lingaas Fossum (langeleik), Ragnhild Hemsing (hardingfele)


Albeniz: Torre Bermeja

Thibaut Garcia (gitar) 


Mozart: Klaverkvartett nr. 2 i Ess-dur, K. 493

Eldbjørg Hemsing (fiolin), Adrien La Marca (bratsj), Benedict Kloeckner (cello), Tor Espen Aspaas (klaver)


Hemsingfestivalen 2025 ønskjer velkomen til opningskonsert med dansbare og fyrige rytmar og fengande melodiar. Johanna Falkinger vann songkonkurransen Aria Borealis i Bodø i 2022 og har etter den tid nådd å bli ein svært etterspurd solist innanfor tidleg musikk. Den lekre koloraturen og fleksible klangen har alt gledd mange konsertgjengarar over heile verda. Gitarist Thibaut Garcia har gjesta festivalen før og er ein av dei leiande yngre  gitaristane i vår tid. Saman med barokkorkesteret Barokkanerne, bratsjisten Adrien la Marca, cellisten Benedict Kloeckner, pianisten Tor Espen Aspaas og fiolinistane Ragnhild og Eldbjørg Hemsing er det duka for ein festleg, vakker og svingande opningskonsert.

Aurdal kirke stod ferdig i 1737, men preikestolen og døypefonten er endå eldre. På denne tida, mens byggmeister Svend Trådset sørgde for at kyrkja vart så fin som ho vart, skreiv den engelsk-tyske komponisten Georg Friedrich Händel noko av musikken som vi får høyre på opningskonserten: kammermusikk, utdrag frå eit oratorium og ein ode. Mozart, som avsluttar konserten, kjende godt til Händels verk. Begge er kjende som meisterlege når det gjeld å skrive melodiar som borar seg inn i sinnet etter at ein har høyrt dei. Men Händel gir oss også dansbar musikk i form av ein innleiande passacaglia og ein menuett. Arien «What Passion cannot Music raise and quell!» kjem frå Händels ode til heilage Cecilias dag (22. november). Her er det den vakre musikken og verknaden han har på sjela, som er tema for teksten. Vi byr også på ei musikalsk overrasking som vi ikkje avslører her og no. Eit stikkord er likevel «skandaleprega popstjerne». Gjettar de kven som er opphavsmann til arien som Johanna Falkinger og Barokkanerne framfører?

Langeleikspelaren Ingrid Lingaas Fossum gjestar Hemsingfestivalen for første gong og er oppteken av å løfte fram den rike tradisjonsmusikken for langeleik. Slåttemusikken ho byr på, kjem frå Valdres og blir spelt både solo og i nye arrangement for hardingfele og langeleik saman med Ragnhild Hemsing. Og kjem dansefoten fram i Valdres-musikken, er det grunn til å tru at han også gjer det i gitarmusikken av Isaac Albéniz. «Torre Bermeja» er blitt eit berømt stykke for gitar, fordi det er gjort kjent av legendariske gitaristar som Julian Bream og Andres Segovia. Opphavleg var det eit klaverstykke som henta inspirasjon frå flamencomusikk med spansk melodikk og rytmikk. Tittelen «Torre Bermeja» viser til eit stort forsvarsverk på stranda Playa de la Barrossa i nærleiken av Cádiz i Spania.

Opningskonserten blir avslutta med Klaverkvartett i Ess-dur av Mozart. Han må ha vore både i toppform som komponist og i perlehumør då han skreiv dette verket. Det er gøy for musikarane å spele det, det er fint å høyre på det, og ein feinschmecker kan nikke anerkjennande til komposisjonsteknikken med sonatesatsform og fine melodiar og dramatisk form. Så er verket også blitt ståande som eit av dei mest populære for fiolin, bratsj, cello og klaver, eller klaverkvartett, som det blir kalla. Opphavleg fekk Mozart ei bestilling på tre klaverkvartettar av forleggjaren Hoffmeister. Då den første i g-moll var ferdig, var han så vanskeleg å spele for amatørmusikarane i den tida at bestillinga vart kansellert. Året etter, i 1786, skreiv Mozart likevel klaverkvartetten vi skal høyre i kveld. Vi har trua på at Eldbjørg, Adrien, Benedict og Tor Espen skal klare å møte Mozarts musikalske utfordringar i dette stykket. Velkomen til Hemsingfestivalen!



hemsingfestivalen valdres aurdal klassisk musikk folkemusikk ragnhild hemsing eldbjørg hemsing tor espen aspaas barokkanerne johanna falkinger ingrid lingaas fossum thibaut garcia adrien la marca benedict kloeckner fiolin langeleik bratsj cello klaver hardingfele

Restrykcje

Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar.
Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com

Ograniczenia

Kjøpte billettar refunderast ikkje.