Festivalpass
Festivalpasset gjeld for konsertar på festivalen.
Få plassar, me anbefalar å reservere no!
(Arrangement med matservering som ein del av billetten, gjeld ikkje for festivalpasset. Dette må kjøpast utanom).
OM FESTIVALEN 2020
Velkomen til Hemsingfestivalen 2020 med festivaltemaet fridom og forvandling! I år feirar me ein av musikkens største fridomskjemparar – Ludwig van Beethoven. Både som menneske og som komponist var han ekstremt fridomssøkjande og individualistisk.
Festivalprogrammet for 2020 inneheld 19 ulike konsertopplevingar på fem dagar med over 50 musikarar på topp internasjonalt nivå. Du får høyre musikk framført av spennande verdskjente stjerner og kjente norske artistar i tett samspel.
Hemsingfestivalen er eit unikt høve til å få oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgivnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell.
Me ynskjer dykk fine opplevingar og magiske augneblikk.
Velkomen til innhaldsrike festivaldagar!
Artistar 2020
Fiolin
Arve Tellefsen
Eldbjørg Hemsing
Ragnhild Hemsing
Guro Kleven Hagen
Bratsj
Lilli Maijala, Finland
Dana Zemtsov, Mexico
Cello
Andreas Brantelid, Danmark
Doran Alibaud, Frankrike
Ensemble
Quatuor Arod, Frankrike
TrondheimSolistene
Valdresstrykerne, lokalt barne- og ungdomsorkester
Klaver
Julien Quentin, Frankrike
Tor Espen Aspaas
Hyung-ki Joo, England
Blåsarar
Jonas Haltia, trompet
Brynjar Kolbergsrud, trompet
Vokal
Johannes Kammler, baryton, Tyskland
Valdres Kammerkor
Skodespelar
Liv Bernhoft Osa
Folkemusikk
Marit Karlberg
Frank Rolland
Andris Hemsing
Foredrag og programleiarar
Erling Dahl jr.
Bente Hemsing
Karnet zawiera imprezy





