Taal
Help
© TicketCo AS 2024.
Juridische voorwaarden voor ticketkopers
Juridische voorwaarden voor organisatoren
Ragnhild Hemsing opnar heimen sin i Aurdal og den nyrestaurerte Ballsalen i Sorenskrivargarden i Aurdal frå 1800-talet.
Lengde: 1 t 15 min
Program
Franz Liszt: Étude d’excécution transcendante no. 8 «Wilde Jagd»
Tor Espen Aspaas, klaver
Telemann: Bratsjkonsert i G-dur, TWV 51:G9
Adrien La Marca (bratsj), Barokkanerne
Langeleik-låttar, trad.
Ingrid Lingaas Fossum (langeleik)
Langeleik-låttar med strykearrangement
Ingrid Lingaas Fossum (langeleik), Eldbjørg Hemsing (fiolin) og Adrien La Marca (bratsj)
H.I.F Biber: Sonata IV (1681)
Kinga Ujszaszi (fiolin), Barokkanerne
Bach: Fiolinkonsert i E-dur
Eldbjørg Hemsing (fiolin) og Barokkanerne
Mange synest at musikk er best når musikarane er heilt tett på publikum, og når noko av det formelle med konsertsituasjonen blir borte. Dei intime kvalitetane i musikken blir framheva, og musikarane kan spele på ein annan måte enn i ein stor konsertsal. Det kan gi ein ei kjensle av å vere med på noko heilt spesielt. Dessutan er musikken ofte blitt til i slike settingar.
Når Hemsingfestivalen lagar konsert i ballsalen i sorenskrivargarden heime hos Hemsing, er musikken likevel stort anlagd. Franz Liszt var ein av dei aller mest virtuose pianistane på 1800-talet og i musikkhistoria, og ein spennande komponist som skreiv innanfor ei rekkje stilartar, former og sjangrar. Tor Espen Aspaas har valt ut eit vilt og veldig stykke av Liszt. «Transcendentale etydar» vart publiserte i 1852, men går tilbake til 1826, då den 15-årige Liszt skreiv noko han kalla «studiar i 12 øvingar». Etyde nr. 8 er som dei andre i samlinga tileigna Liszts lærar, Carl Czerny, og har undertittelen «Wilde Jagd» – vill jakt. Stykket er både veldig og vilt og svært virtuost. Her skulle den 15-årige pianisten vise kva han kunne.
Frå vill og virtuos klavermusikk til ein av dei få bratsjkonsertane frå barokken: Telemann spelte sjølv mange instrument og blir rekna som ein av dei mest produktive komponistane i barokken i det lange virket som komponist av instrumentalmusikk, opera og kyrkjemusikk. Meir enn 2300 verk finst bevarte. Telemann levde fram til 1767, men bratsjkonserten er frå perioden 1716–1721 og er ein av dei tidlegaste konsertane vi kjenner til for bratsj og orkester. På denne tida var bratsjen først og fremst eit ensemble- og orkesterinstrument, men Telemann utnyttar det sonore alt-registeret til bratsjen. Det begynner i det mørke og beveger seg langsamt oppover i oktavane. Konserten er i den gamle «sonata da chiesa-forma» og har fire satsar: langsamt–hurtig – langsamt – med ein avsluttande rask presto.
Etter dei klassiske innslaga får vi ei avdeling folkemusikk på langeleik med Ingrid Lingaas Fossum, før ho får selskap av Eldbjørg Hemsing og gitarist Adrien la Marca i nye arrangement av langeleik-låttar.
Frå folkemusikk skal vi til barokken og året 1681. Då gav fiolin-virtuosen Heinrich Ignaz Franz von Biber ut ei samling med fiolinsonatar som til då var noko av den mest avanserte og virtuose fiolinmusikken som var skriven. Her nyttar han seg av fiolinistisk pyroteknikk som raske løp og dobbeltgrep og ei rekke ornament. Kinga Ujszászi har spesialisert seg på denne musikken og gitt ut fleire plater med fiolinsonatar og konsertar frå manuskript frå 16-og 1700-talet.
Til slutt i konserten får vi det desidert mest berømte verket i denne konserten, nemleg fiolinkonsert i E-dur av Johann Sebastian Bach. Bach skreiv nok mange fiolinkonsertar, men vi har berre to solokonsertar for fiolin og orkester som er bevarte. E-dur-konserten er eit meisterverk med den rytmiske og oppstemte opninga, der temaet vandrar mellom solisten og orkesteret og mellom forskjellige toneartar. Andresatsen er trist, mollstemt og mediterande før den avsluttande tredjesatsen vender tilbake til E-dur og eit hurtig og energisk tema. Vi veit ikkje sikkert når Bach skreiv denne konserten, men kanskje var han sjølv solist i konserten i perioden som hoffkomponist og leiar av ensemblet i Köthen mellom 1717 og 1723? I denne versjonen vi får høyre, er det berre eitt instrument på kvar stemme, slik at dei intime kvalitetane i Bachs musikk verkeleg kan høyrast. Velkomen på konsert i sorenskrivargarden!