Frå Versailles til Valdres
Kammerkonsert med Ragnhild Hemsing (fiolin og hardingfele), Thibaut Garcia (gitar), Jadran Duncumb (lutt), Johanna Falkinger (sopran) og Barokkanerne.
Programleiar/host: Tor Espen Aspaas
Kammerkonsert med Ragnhild Hemsing (fiolin og hardingfele), Thibaut Garcia (gitar), Jadran Duncumb (lutt), Johanna Falkinger (sopran) og Barokkanerne.
Lengde: 1 t 30 min
Program
Vivaldi: Konsert i G-dur for to mandoliner
Thibaut Garcia, Jadran Duncumb, Barokkanerne
Vivaldi: Agitata da due venti
Johanna Rosa Falkinger, Barokkanerne
Dario Castello: Sonata X
Barokkanerne
Händel: Amarti si vorrei ra Teseo HWV 9
BS/Falkinger: Colpirmi ancor
Johanna Rosa Falkinger, Barokkanerne
Agnes Ida Pettersen: «Springar», for hardingfele og barokkensemble. Urframføring.
Ragnhild Hemsing, Barokkanerne
Suite Mosaique “Valdres møter Versailles”: Marais, Couperin og folkemusikk
Ragnhild Hemsing, Barokkanerne
Vivaldi: Sovente il sole
Johanna Rosa Falkinger, Barokkanerne
Vivaldi: Frå dei norske årstider, «Sommer», arr. hardingfele
Ragnhild Hemsing, Barokkanerne
Ordet barokk kan omsetjast med «forvridd perle». Heile perioden frå 1600 til 1750 står for skjønnheit og kontrastar og ønsket om å uttrykkje dei sterkaste kjenslene i musikken, såkalla affektar. I kammerkonserten «Frå Valdres til Versailles» får du mange perler frå noko av det beste vokale og instrumentale repertoaret frå denne perioden. Hoffmusikk og opera alternerer med dansegolvet. Ser vi på den franske barokkmusikken, er det mange likskapar med folkemusikken frå Valdres når det gjeld forsiringar i musikken eller ornament som trillar, forslag, sprang og krullar. Dette har ført til det lange samarbeidet mellom Ragnhild Hemsing og Barokkanerne, som har resultert i konsertar i mange land og ei plateinnspeling med Vivaldis fire årstider på hardingfele, blanda med folkemusikk frå Valdres og til og med nyskriven musikk for denne besetninga. Det austerrikske stjerneskotet Johanna Falkinger er sopran og vann Aria Borealis’ songkonkurranse i 2022 i Bodø. No er ho ein ettertrakta solist innanfor opera, oratorium og i andre samanhengar på store scener over heile Europa. I Aurdal-kyrkja skal ho synge både fort og sterkt, svakt og trist og lykkeleg og overstrøymande.
Vivaldi kom frå Venezia og skreiv for alle tenkjelege instrument. Mandolinane var populære i Venezia, og konserten i G-dur for to mandolinar er av det lykkelege slaget med ei svingande innleiing som glir over i ein mollstemt andresats før avslutninga er meir virtuos og oppløftande. Arien «Agitata da due venti» var eit bravurnummer for ein berømt sopran som Vivaldi brukte fleire gonger. Det same gjorde Händel med gråtearien «Laschia Ch'io pianga», som må vere ein av dei vakraste og mest kjende songane hans, kjend frå mange filmar. Purcell er ikkje snauare enn at han òg laga ein berømt gråtearie i «O, let me weep» frå operaen The fairy queen. Men så var engelskmennene også kjende for å dyrke det melankolske på den tida.
Dario Castello verka i første halvdel av 1600-talet, før instrumentalmusikken hadde fått så faste former, i motsetning til seinare i barokken. I Sonata X er det mange fantasifulle innfall som går over i kontrasterande og langsame parti og passasjar som spinn vidare i rasande fart.
Kva hadde skjedd om ein tok ein av dei beste hardingfelespelarane frå Valdres på 1700-talet, kledde henne opp i pudderparykk og knebukser og plasserte henne saman med andre musikarar ved Solkongens hoff i Versailles? I «Suite Mosaique» har Ragnhild Hemsing og Jadran Duncumb laga eit slikt eksperiment, der folkemusikken blir akkompagnert av barokkinstrument, og der hardingfela ofte tek solostemma i fleire utdrag frå operaer og ballettar av hoffkomponistane Marin Marais og François Couperin.
Arien «Sovente il sola» har ein vakker fiolinsolo før songen set inn. Denne fiolinsoloen var visstnok den siste Vivaldi spelte offentleg som solist i verket Andromeda liberata. Teksten beskriv korleis den skinande sola kan formørkast, og at det stille havet blæs opp til storm i løpet av ein augneblink. Det kan også skje med sjela.
Vi lova ei perlerekkje med barokk-hittar i denne konserten. Til slutt får du oppleve ein av dei aller største, nemleg «Sommaren» av Vivaldi frå Dei fire årstidene – på Valdres-manér. Og då blir det med hardingfele. Våren 2024 vart dette verket spelt inn på plate av Ragnhild Hemsing og Barokkanerne, og heile albumet vart sleppt på hausten i fjor. Alt no har det vorte framført på fleire festivalar, som på festspela i Bergen og på Glogerfestspillene på Kongsberg. No serverer vi det i Aurdal. Ver så god!
Beperkingen
Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com
Afstandsverklaring
Kjøpte billettar refunderast ikkje.