Anne Sofie von Otter med band

Å vere på konsert med superstjerna Anne Sofie von Otter er å vere med på det uventa: klassiske lieder, kabaretmusikk, opera, folkemusikk og popmusikk i ei salig blanding. Kanskje er det denne evna til å nå fram i så mange sjangrar og stilartar som har gjort Anne Sofie til ein av dei største songarane i Norden nokosinne.

page view image
Arrangementsdato

lørdag 22 feb 2025 18:00

Slutter lørdag 22 feb 2025 19:10
BESTILL

Tilgjengelige varer

Voksen
event image

Arrangementsinformasjon

Medvirkande: 

Anne Sofie von Otter (mezzosopran), Fabian Fredriksson (gitar), Leif Kaner-Lidström (klaver) og Bengan Janson (trekkspill).

Å vere på konsert med superstjerna Anne Sofie von Otter er å vere med på det uventa: klassiske lieder, kabaretmusikk, opera, folkemusikk og popmusikk i ei salig blanding. Kanskje er det denne evna til å nå fram i så mange sjangrar og stilartar som har gjort Anne Sofie til ein av dei største songarane i Norden nokosinne. Internasjonalt nyt ho ein enorm respekt for det lange virket sitt og for å vere så dedikert til musikken. Dei mange cd-innspelingane hennar blir ofte trekte fram som referansar. Der finn ein musikk av Bach og Händel, Brahms og Schumann, Brecht og Eisler og opera av Mozart og Bizet, for å nemne eit fåtal av dei melodiane ho har spelt inn på plate. 

Me er stolte av å ha fått sjansen til å bringe Anne Sofie von Otter med eige band til Hemsingfestivalen. For besetninga med trekkspel, gitar og klaver lèt seg ikkje så lett setje i bås. Kva seier du om franske songar, klassiske romansar, svensk folkemusikk og slagerar, leikne, kabaretaktige songar frå Tyskland, før me avsluttar med franske songar, eller svenske folkesongar frå Dalarna? 

Den som kjem på konserten, får sjå og høyre. Konsertprogrammet speglar musikken utanfor allfarveg i karrieren til Anne Sofie von Otter. Ein spesialitet har vore å la det «høgkulturelle» og «folkelege» gå hand i hand. For kva er eigentleg kunstmusikk, og kva er folkemusikk? Det er få songarar som har evna til å tolke Abba-songar eller nyskrivne songar av rockaren Elvis Castello i den eine augneblinken, for så å bryte ut i fransk impresjonisme i det neste. Og dette utan å blunke. 

Det er i det heile veldig vanskeleg og kanskje heller ikkje ønskjeleg å kategorisere Anne Sofie von Otter etter sjanger, men heller etter om musikken når fram til publikum eller ikkje. Ho syng òg i alt frå altregisteret via mezzo til sopran. Vi veit ikkje alt om kva vi får høyre på denne konserten, men stikkord er franske chansonar av Barbara, Trenet og Moustaki, klassiske romansar av Chaminade og Hahn, svensk folkemusikk og slagerar og tyske songar av Hollaender, Spoliansky og Eister og mykje anna. Antakeleg blir du overraska over korleis dette læt.

Restriksjoner

Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje.

Tags

anne sofie von otter
fabian fredriksson
leif kaner-lidström
bengan janson
hemsingfestivalen
valdres
aurdal
klassisk musikk
folkemusikk
sopran
gitar
trekkspill
klaver
mezzosopran
festival
Organizer
Hemsingfestivalen