“Vivaldi i Valdres”, familiekonsert i Aurdal kirke
Familiekonsert i Aurdal kirke med Valdresstrykerne, Follofeler, Ragnhild Hemsing og Barokkanerne.
Vaksen Kr 100
Barn/ungdom/student: Gratis
Hemsingfestivalen ynskjer å formidle musikkopplevingar også for dei yngste, og igjen inviterer me til ein eventyrdag for heile familien i Aurdal! Det blir uteaktivitetar i samarbeid med Aurdal IF og konsert inne i Aurdal kirke med Barokkanerne, Valdresstrykerne, Follofeler og Ragnhild Hemsing.
Program
Del 1: Kl. 12.00 “Vivaldi i Valdres”, familiekonsert i Aurdal kirke.
Familiekonserten har me fått til ved hjelp av midlar frå Kulturrådet og Tom Wilhelmsens Stiftelse.
Velkomen til familiekonsert og bli med den yngre generasjonen inn i ei verd av barokk- og folkemusikktradisjonar. Og opplev ei ny musikalsk tilnærming til både Våren og Sommaren frå Antonio Vivaldis velkjente og kjære årstider. I tillegg til Vivaldi får vi høyre folkemusikk både frå Valdres og frå andre stader i Noreg. Det blir årstidene på norsk, med hardingfele,barokkinstrument og ornamenteringar frå Valdres.
Barna og ungdommane som deltek på denne konserten, har vore saman ei helg alt, der dei fordjupa seg i barokk- og folkemusikk. Det er teke utgangspunkt iRagnhild Hemsing sitt nyaste kunstnariske prosjekt "VIVALDI – dei fire norske årstidene".
Vivaldis Fire årstider frå 1723 er blant dei mest berømte og framførte verka i musikkhistoria.
Korleis vil desse populære konsertane klinge når dei blir spelte på hardingfele filtrert gjennom folkemusikktradisjonen frå Valdres? Svaret får vi gjennom eit unikt musikalsk eksperiment i regi av Ragnhild Hemsing og Barokkanerne, der møtet mellom italiensk barokkmusikk og norsk folkemusikk resulterer i eit program som er ulikt alt anna på marknaden. Valdres’ hardingfeletradisjon og Vivaldis musikk har mykje til felles, som rik ornamentering og improvisasjon, vakre melodiar og rytmisk sving. Som Ragnhild har også ensemblet Barokkanerne framført Årstidene mange gonger, og dei meiner verket er spesielt godt eigna til eit samarbeid med ungdommar. Vivaldi brukte sjølv musikken til å skildre naturen og folkelivet gjennom året, og nettopp desse folkemusikalske elementa i musikken gir oss ei oppleving på tvers av kunstnariske og kulturelle uttrykk.
Del 2
Kl. 13.00 held familiedagen fram med ei løype med forskjellige aktivitetar for barn og vaksne ute, som aking, gjettekonkurranse, kasting på blink, kviss m.m. Til slutt i løypa ventar ein premie. Det er valfritt kva for aktivitet de er med på.
Arrangementet er i samarbeid med Aurdal IF.
About
Hemsingfestivalen for the youngest too! We invite you to an adventure day for the whole family in Aurdal! There will be myriad outdoor activities organized with the Aurdal sports club. The family day begins with a family concert, “Vivaldi from Valdres” with Barokkanerne,Valdresstrykerne (Valdres chamber orchestra), Follofeler and Ragnhild Hemsing.
Program:
Part 1
At 12.00, the family day starts with a concert in Aurdal church.
Part 2
At 13.00 we invite everyone outside for a trail of activities for children and adults (e.g.,sledding, games, and quizzes) leading to a prize at the end!
Restriksjoner
Dei som har følgjepersonbevis (ledsagerbevis), har rett på ein gratis billett til følgjepersonen (ledsageren). Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderast ikkje.