Vandrekonsert på museet
3 konsertar på Valdres Folkemuseum
Vandrekonserten inneheld tre konsertar med ulikt programinnhald på same konsertbillett. Møt opp ved bygningen du kjøper billett til. Der blir du møtt av ein guide som følgjer deg rundt frå éin konsert til neste. Alle konsertane startar kl.12.00. Kvar konsert varar i 20 minutt, og så får du 10 minutt mellom konsertane til å kome deg til neste hus med neste konsert. Før eller etter konsertane er det moglegheit for lunsj på museet.
Valdres Folkemuseum vart etablert i 1901 og er eit av dei største og eldste friluftsmusea i landet. Det er konsolidert med to mindre museum, og saman utgjer dei Valdresmusea, som vart kåra til årets museum i Noreg i 2022. Valdresmusea forvaltar store samlingar og arkiv og samarbeider med alt frå forskingssektoren og frivilligheita til musikk- og kulturlivet om konsertar, festivalar og arrangement. Eit viktig satsingsområde er folkemusikk og folkedans. Valdres Folkemuseum ligg på ei halvøy i Strøndafjorden, 800 meter frå Fagernes sentrum i Valdres.
Program
Konsert 1, Festsalen. Klassiske tonar med Tor Espen Aspaas (klaver) og Eldbjørg Hemsing (fiolin)
Lengde: 20 min
Franck: Sonata for violin and piano in A major, 1. mov
Lili Boulanger: Nocturne and Cortège
Debussy/Heifetz: Beau Soir
Franck: Sonate Sonata for violin and piano, 4. sats
Konsert 2, Rognebygningen. Folkemusikk ved Ingrid Lingaas Fossum (langeleik)
Lengde: 20 min
På denne konserten får vi høyre glimt frå den lange og rike langeleikhistoria, som strekk seg fleire hundre år attende i tid. Vi får høyre om nokre sentrale utøvarar gjennom langeleikhistoria, som har vore med på å gje Ingrid L. Fossum dei verdiane ho har som musikar i dag. Under konserten vil ho spele på ulike langeleikar med ulik tonalitet, som representerer tida og menneska ho fortel om.
Konsert 3, Slidrehuset. Klassiske tonar ved dei franske musikarane Thibaut Garcia (gitar) og Adrien La Marca (bratsj)
Lengde: 20 min
Schubert: 1. sats frå Arpeggione-sonaten D.821
Adrien La Marca (bratsj) og Thibaut Garcia (gitar)
Vieuxtemps: Capriccio, Op. 55
Adrien La Marca (bratsj)
Piazzolla: Oblivion
Adrien La Marca (bratsj) og Thibaut Garcia (gitar)
Restriksjoner
Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderast ikkje.