page view image

Rakfisk Forte Fortissimo

Konsert og lunsj på Noraker Gård i Aurdal | Concert and lunch at Noraker Farm in Aurdal

Informasjon
event image

Artistar

Eldbjørg Hemsing (fiolin), Thibaut Garcia (gitar), Adrien La Marca (bratsj), Bengan Janson (trekkspel) og musikarar frå FRAMR talentprogram.


Program:

Telemann: Frå Fantasie i C-dur TWV

Adrien La Marca (bratsj) 


Mozart: Duo for fiolin og bratsj i B-dur, 1. Sats

Eldbjørg Hemsing (fiolin), Adrien La Marca (bratsj) 


Framføring ved FRAMR

FRAMR er Hemsingfestivalens talentprogram for klassisk musikk og folkemusikk


Svenske folketonar

Bengan Janson (trekkspel)


Massenet: Andante religioso frå Thaïs 

Eldbjørg Hemsing (fiolin), Thibaut Garcia (gitar) 


Paganini: Caprice nr. 24

Thibaut Garcia (gitar)


Gjennom mange hundreår har vi sett korleis mat og musikk går godt saman. Musikken kan vere anten aperitiff eller dessert, men ofte er han hovudrett. Når Hemsingfestivalen landar på Noraker, blir det først musikk og så rakfisk i mild, lagra eller vellagra variant. Eller nokre andre variantar, gjerne serverte med den eminente sennepssausen deira. 

Før dette kan opplevast, blir det ei musikalsk første bordsetting med kammermusikk frå både det klassiske og det folkemusikalske repertoaret. Den musikalske menyen begynner i barokken hos Telemann, med ein fantasi i C-dur for bratsj. Telemann spelte sjølv minst åtte instrument og publiserte ei rekke fantasiar for forskjellige instrument, som viser kva eigenart dei har. Rett etter dette får bratsjist Adrien La Marca selskap av Eldbjørg Hemsing i 1. sats frå Mozarts duo for fiolin og bratsj. Historia fortel at Mozart skreiv desse for vennen Michael Haydn, som var blitt sjuk og ikkje var i stand til å fullføre ei bestilling på seks duettar for fiolin og bratsj. Slik skulle musikken eigentleg givast ut som musikk av Michael Haydn.

FRAMR er Hemsingfestivalens satsing på eit talentprogram for klassisk musikk og folkemusikk der utøvarane kjem frå begge sjangrar. Programmet har som mål å gi innsikt i kva folkemusikken har å seie for den klassiske musikken, og omvendt. Det blir musikalske smakebitar frå noko av det dei unge musikarane har jobba med dei siste dagane.

Når svenske Bengan Janson kjem med trekkspelet sitt, blir det svenske folketonar, som er hans spesialitet. Men liknar den svenske folkemusikken på den vi kjenner frå Valdres? 

Og så byr vi på ein av dei store klassikarane frå fiolinrepertoaret. Operaen Thaïs handlar om munken Athanaël som prøver å få den seksuelt utagerande Thaïs til å slutte å leve eit liv i synd og rikdom. Operaen har ein berømt fiolinsolo i andre akt som er kalla Andante religioso. Meditasjonen inntreffer etter at Athanaël har bedd Thais om å gi opp det syndige livet. Og etter fiolinsoloen går Thaïs med på å gå i kloster. For ein vedunderleg verknad musikken kan ha på sjelslivet!

Nicolo Paganinis 24 kaprisar eller etydar for fiolin har vore ein prøvestein for mange fiolinistar heilt sidan dei vart publiserte i 1820. Den aller siste kaprisen, nr. 24, består av eit tema i a-moll etterfølgt av 11 variasjonar. Stykket er så godt skrive at det har blitt arrangert for mange instrument. For gitaristar er det også blitt ein del av repertoaret, sjølv om det er svært krevjande å spele, sidan gitaren er eit mykje større instrument enn fiolinen.


About 

Concert and lunch at Noraker Gård. The freshest ingredients and expert preparation are hallmarks of both food and music at this delectable event. Outstanding young musicians and our world-class performers contribute musical treats. After the concert, you will have the opportunity to  experience Noraker Gård's many amazing dishes and offerings.


hemsingfestivalen valdres aurdal klassisk musikk rakfisk noraker noraker gård thibaut garcia adrien la marca eldbjørg hemsing

Restriksjoner

Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje.