Meistermøte FRAMR folkemusikk
Open meisterklasse med talent i FRAMR
FRAMR for klassisk musikk og folkemusikk er Hemsingfestivalens eige talentprogram. FRAMR rettar seg mot unge talent der dei møter utøvarar frå begge sjangrar og får innsikt i kva folkemusikken har å seie for den klassiske musikken, og omvendt. Hovudelementa er: audition, seminar om og med klassisk musikk og folkemusikk og danserytmar i folkemusikken, opne meisterklassar med instruktør og deltaking som musikar i utvalde verk på konsertar.
FRAMR er det første programmet i sitt slag som omfattar talent både innanfor klassisk musikk og folkemusikk. Programmet er eit nasjonalt tilbod der alle kan melde seg på ved ein open audition-runde, og tilbodet er gratis for deltakarane.
Restriksjoner
Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderast ikkje.