page view image

Konsertforedrag «Frå wienerklassisismen til familien Wittgenstein på 60 minutt»

250 år med wiensk musikkhistorie frå Haydn til Schönberg, fortald av reiseleiar og pianist Tor Espen Aspaas, med den berømte filosofen og Noregs-vennen Ludwig Wittgenstein som kompasshaldar.

Informasjon
event image

Har du lyst til å få oversikt over eit kvart tusenår med klassisk musikkhistorie på ein liten times tid? Presentert på ein måte du ikkje har opplevd før, med kultur-, idé- og filosofihistorie på kjøpet? Då bør du vere til stades når Tor Espen Aspaas spelar og fortel sagaen om musikkhovudstaden Wien, sett og høyrd gjennom auga og øyra til den berømte Wittgenstein-familien. 


Karl Wittgenstein var stålmagnat og ein av Europas rikaste menn. Familien budde i Wiens største private hus, eit palass med sju (!) konsertflygel der alle dei viktigaste kunstnarane i tida vandra heimekjende inn og ut, deriblant komponistane Johannes Brahms, Gustav Mahler og Arnold Schönberg. Ludwig Wittgenstein (1889–1951) vart den mest berømte av sju søsken – som alle var små geni –, og han var kanskje den mest innflytelsesrike filosofen i det 20. hundreåret. Som tenkjar var Ludwig mest oppteken av språk og logikk, men hjartet hans låg meir enn noko musikken nær, særleg Beethovens – ein komponist han heldt fram som eit ideal for seg sjølv! Kommentarar og tankar om kunst, musikk og dei store komponistane finst overalt i dei titusenvis av notat- og

dagboksider som Wittgenstein etterlét seg.


Tilfeldigheiter førte Ludwig Wittgenstein til Noreg i åra før 1. verdskrig, og han vart så begeistra for Vestlandet at han bygde seg eit hus i Skjolden, inst i Sognefjorden, der han filosoferte og skreiv ned tankerekker som skulle forandre filosofien radikalt.


Med Ludwig Wittgenstein og familien hans som innfallsvinkel lèt europeisk musikkhistorie seg fortelje på ein annan måte – frå innsida av wienerkulturen og menneska som skapte han.


Vi håpar du vil bli med på denne musikalske reisa i tid og rom med Ludwig Wittgenstein som

reisefølgje!


250 years of Viennese music history from Haydn to Schönberg, narrated by tour guide and pianist Tor Espen Aspaas, inspired by the famous philosopher and Norwegian friend Ludwig Wittgenstein as our spiritual guide.


Would you like to get an overview of 250 years of classical music history in just under an hour?  Presented in a way you’ve never experienced before, combining a history of culture, ideas and philosophy? Then you should be present when Tor Espen Aspaas plays and tells the saga of Vienna, Europe’s music capital, as seen and heard through the eyes and ears of the famous Wittgenstein family.

Karl Wittgenstein was a steel magnate and one of Europe's richest men. The family lived in Vienna's largest private house, a palace with seven (!) concert grand pianos where all the most important artists of the time wandered in, including the composers Johannes Brahms, Gustav Mahler and Arnold Schönberg. Ludwig Wittgenstein (1889–1951) was the most famous of seven gifted siblings and he was perhaps the most influential philosopher of the 20th century. As a thinker, Ludwig was mostly preoccupied with language and logic, but his heart was more than anything close to music, especially Beethoven's - a composer he held up as an ideal for himself! Comments and thoughts about art, music and the great composers can be found everywhere in the tens of thousands of notebook and diary pages that Wittgenstein left behind.

Coincidence led Ludwig Wittgenstein to Norway in the years before the First World War, and he became so enthusiastic about Western Norway that he built himself a house in Skjolden, deep in the Sognefjord, where he was inspired to create famous writings that would radically change philosophy.

With Ludwig Wittgenstein and his family as backdrop, European music history can be told in a unique way - from the inside of Viennese culture and the people who shaped him.

We hope you will join us on this musical journey through time and space with Ludwig Wittgenstein as your companion!

hemsingfestivalen valdres aurdal klassisk musikk folkemusikk sorenskrivargarden tor espen aspaas klaver foredrag konsertforedrag

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje.