page view image

Klassiske førjulstonar

Arrangementsinformasjon
event image

Nok ein gong har Hemsingfestivalen i samarbeid med Valdres Sommersymfoni, gleda av å invitere til ein felles julekonsert!


«Klassiske førjulstonar» vart arrangert fyrste gong i 2017, og har sidan den gong hatt fullsette salar.


I år vert konserten i Aurdal kyrkje i Aurdal søndag 18. desember kl 18.00. Dei kunstneriske leiarane for dei to festivalane, Guro Kleven Hagen frå Valdres Sommersymfoni, og Eldbjørg Hemsing og Ragnhild Hemsing frå Hemsingfestivalen, tar med seg gode vener og lover vakre tonar og julestemning frå start til slutt!


Artistvenene:  Astrid Nordstad,  Peter Friis Johansson og Ernst Simon Glaser


Me gler oss til nok ein gong å fylle Aurdal kyrkje. 


Velkomen på konsert! 😊

julekonsert
hemsing
valdressommersymfoni