Huskonsert i Sorenskrivargarden
Ragnhild Hemsing (fiolin og hardingfele) opnar dørene til heimen sin i Aurdal og den nyrestaurerte Ballsalen i Sorenskrivargarden frå 1800-talet – ei historisk og stemningsfull ramme for ei heilt spesiell musikkoppleving.

Dette er ein sjeldan sjanse til å oppleve musikk i intime omgjevnader der publikum kjem tett på både artistar og historie. Den vakre Ballsalen, som til vanleg ikkje er open for publikum, skapar ei unik nærleik og ei særegen atmosfære du sjeldan finn i vanlege konsertsalar.
Saman med Vadim Borodin (klaver) og unge, lovande musikarar frå Hemsingfestivalens talentprogram FRAMR, inviterer Ragnhild til ein konsert med klassiske perler og folkemusikalske skattar. På programmet står verk av mellom andre Bach, Halvorsen, Cleve, Grieg og Milhaud.
FRAMR-talent på konserten:
Randi Winnem Tvedt (cello)
Bård Elias Nystøyl (song)
Hilda Beskow (fiolin)
Aurora Haagensen Fladmoe (fiolin)
Frøydis Olhans (fiolin)
Jens Svenkerud fele (hardingfele)
Restriksjoner
Dei som har følgjepersonbevis (ledsagerbevis), har rett på ein gratis billett til følgjepersonen (ledsageren). Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar refunderast ikkje.