Language
Help
© TicketCo AS 2024.
Legal terms for ticket buyers
Legal terms for organizers.
(This lecture recital will be given in Norwegian.)
Robert Schumann (1810–1856) var sjølve inkarnasjonen av den tidleg-romantiske perioden i vestleg musikk: genial og stormande intens, lidenskapeleg på leit etter det skjønne og sanne, men også sårbar og fortapt når alvorleg psykisk sjukdom i ulike periodar greip inn i livet hans. Tor Espen Aspaas vil fortelje om Schumanns korte, men sterkt brennande og produktive liv, og ikkje minst om kjærleiken til kona Clara Wieck (ei av Europas aller fremste pianistar og sjølv komponist) og den felles, intense vennskapen med det unge geniet Johannes Brahms. Alt er sjølvsagt betrakta gjennom framføringar av Roberts Schumanns musikk som var komponert omkring året 1839, deriblant dei vidgjetne Kinderszenen («Barndomsbilde»), Arabeske – og meisterverket Fantasi i C-dur.