Kammerkonsert | Chamber Concert
Jazz, klassisk, folkemusikk og impro i god blanding.
Program
Luise Adolpha Le Beau: Cello sonate i D-dur, Op 17
Raphaela Gromes (cello), Julien Quentin (klaver)
Jazz, klassisk, folkemusikk og impro i god blanding. Det er første gong dette stjernelaget av musikarar frå ulike sjangrar møtest.
Mathias Eick (trompet), Ragnhild Hemsing (fiolin, hardingfele) og Julien Quentin (klaver)
Jean Sibelius: Strykekvartett i d-moll op. 56 «Voces intimae», arrangert for strykekvintett av Georg Oyen
Ragnhild Hemsing (fiolin), FRAMR (fiolin), Lilli Maijala (bratsj) Johannes Martens (cello), Olivier Thiery (kontrabass)
Kammermusikk i mange fargar og fasettar kjem til å fylle Aurdal kirke når Hemsingfestivalens stjernemusikarar byr på kammermusikk i ulike tappingar. Denne konserten gir deg sjansen til å oppleve unike nye konstellasjonar av musikarar, romantisk og seinromantisk repertoar du ikkje høyrer kvar dag, og ein musikalsk forundringspakke der hovudingrediensane er jazz, klassisk og improvisasjon.
Mange kjente komponistar og musikarar har ikkje blitt hugsa av historia i særleg grad rett og slett fordi stilen dei spelte eller skreiv musikk i, ikkje var nyskapande eller braut med konvensjonane. Den tyske komponisten Luise Adolpha Le Beau var fødd midt i den romantiske perioden og fekk ei skikkeleg musikkutdanning i pianospel, song og komposisjon frå dei aller beste i samtida, som Josef Rheinberger og Clara Schumann. Ho var inspirert av Beethoven og Mendelssohn, og ho møtte både Johannes Brahms og fiolinisten Joseph Joachim. Følgjeleg er musikken hennar inspirert av dei store meistrane frå denne perioden. Både Liszt og Berlioz likte musikken hennar. Cellosonate i D-dur frå 1880 var eit konkurransestykke frå «Zeitschrift für neue Musikk (som Robert Schumann oppretta). Ho vann ikkje, men det gjorde heller ikkje Richard Strauss, som også deltok i konkurransen. Ikkje desto mindre kan sonaten nytast i Aurdal kirke – kanskje for første gong når Raphaela Gromes og Julien Quentin framfører sonaten.
Og så blir det spennande når Ragnhild Hemsing tek med seg Mathias Eick – ein av Noregs beste jazztrompetistar – og meisterpianisten Julien Quentin til eit heilt nytt musikalsk møte. Det einaste vi veit, er at det blir nokre kjente folketonar frå Valdres og jazz å høyre som utgangspunkt for improvisasjon og samspel. Men så er ikkje desse musikarane framande for musikalske utfordringar.
«Voces intimae» kan bety intime stemmer, men også indre stemmer. Det er uansett undertittelen på Jean Sibelius’ ruvande strykekvartett i d-moll, opus 56. Kva sikta eigentleg Sibelius til med denne tittelen? Alle dei fem satsane inneheld ei form for musikalsk resitasjon av det intime slaget. Det blir «snakka» langsamt, poetisk, raskt og med store kontrastar og pausar, som om Sibelius hadde lese ei slags handbok i retorikk før han skreiv verket. Han gir sjølv ei slags forklaring på verket og tittelen. I tredje-satsen, som er i F-dur, opptrer det tre svake akkordar i e-moll (som ikkje høyrer heime i denne tonearten), der Sibelius sjølv skreiv «voces intimae» over akkordane i partituret. «Ei sjelfull søking etter ro.» Men heldigvis er alle satsane veldig forskjellige, og sistesatsen er inspirert av folkemusikkens felespelarar med masse energi. På Hemsingfestivalen får vi høyre dette meisterverket i eit arrangement der det i tillegg til dei to fiolinane, bratsjen og celloen er lagt til ein kontrabass. Sibelius skreiv sjølv om verket: «Den (strykekvartetten) viste seg å vere noko fantastisk. Den typen ting som får deg til å smile i dødens time. Eg skal ikkje seie meir.» Velkomen på kammerkonsert!
Restrictions
Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com
Waiver
Kjøpte billettar refunderast ikkje.