Sprache
Hilfe
© TicketCo AS 2024.
Rechtliche Begriffe für Ticketkäufer.
Rechtliche Begriffe für Veranstalter.
Programleiar / host: Tor Espen Aspaas
Lengde: 1 t 30 min
Program
Christoph Graupner: Ouverture i F-dur “La Desire”
Romanus Weichlein: Passacaglia frå Sonate III
Barokkanerne
Andrea Tarrodi: Mad Girl´s song, text Sylvia Plath
John Dowland: Come again
Can she excuse my wrongs?
Anne Sofie von Otter (mezzosopran), Fabian Fredriksson (gitar)
Johan Friederich Fasch: Luttkonsert i d-moll
Jadran Duncumb (lutt), Barokkanerne
Bach/Sting: You Only Cross my Mind in Winter
Paul Simon: Kathy`s Song
Claudio Monteverdi: Si dolce e´l tormento
Anne Sofie von Otter (mezzosopran), Fabian Fredriksson (gitar)
G. P. Telemann: Sonata a 4
Barokkanerne
Dowland: Now, Oh Now I Needs Must Part
Anne Sofie von Otter (mezzosopran), Fabian Fredriksson (gitar), Barokkanerne
Etter fire dagar med intense musikkopplevingar avsluttar Hemsingfestivalen anno 2025 med ein heilt spesiell konsert. Barokkanerne og Anne Sofie von Otter møtest for første gong. Det blir musikk frå fire hundreår. Men det er særleg den gode melodien som står i sentrum av konsertprogrammet. Dette er truleg den einaste konserten der du kan høyre hit-melodiar av Simon & Garfunkel, Sting, Bach og Monteverdi på same konsert.
Konserten begynner på 1700-talet med ein feiande flott ouverture av barokkomponisten Christoph Graupner, ein av komponistane som konkurrerte med Bach om jobben som kantor i Thomaskyrkja i Leipzig. Passacagliaen av Weichlein er skriven på 1600-talet, men utmerkar seg med sine fine og virtuose variasjonar over passacaglia-temaet.
Anne Sofie von Otter har teke med seg ein song av ein av dei mest profilerte svenske komponistane av den yngre generasjon. Sofia Tarrodi er fødd i 1981 og blir no spelt over heile verda i alt frå enkle songar til stort utforma symfoniske verk. Så tilbake til melodiens meister, John Dowland, som truleg var med til Kristiania (Oslo) ein av dei om lag 25 gongene kong Kristian IV besøkte Noreg. Hans «Come again» og «Can she excuse my wrongs» er hit-melodiar frå tidleg 1600-tal.
Jadran Duncumb er luttspelar av internasjonalt kaliber og har spelt inn ei rekke plater med luttmusikk. Han er kunstnarisk leiar for Barokkanerne. Lutten var ein av dei mest populære instrumenta på 1600-talet, men forsvann utover 1700-talet. Konserten for lutt og orkester av Fasch er ein av dei relativt få konsertane som er overleverte for barokklutt og orkester, og viser mykje av det instrumentet kan by på som soloinstrument. Rett etter byr von Otter på klassikarar av Sting og Bach, Simon & Garfunkel og ikkje minst den useieleg vakre «Si dolce e’l tormento» av Monteverdi.
Siste del av konserten er vigd til ein sonate av Telemann. Telemann var ved sida av Händel og Vivaldi blant dei mest berømte komponistane på 1700-talet. (Bach var ikkje så kjend anna enn som organist.) I dag har vi bevart heile 2300 verk av Telemann, så du kan finne noko for alle besetningar og komposisjonssjangrar. Sonaten i F-dur har fire satsar og blir avslutta med ein forrykande presto.
I den avsluttande songen «Now, O, now I needs must part» av John Dowland tek den forelska eit bittersøtt farvel med si kjære («Dear if I do not return / Love and I shall die together»). Men vi håper at du som publikummar kjem igjen til neste års Hemsingfestival.