page view image

Julekonsert i Aurdal Kyrkje

Klassiske førjulstonar med Hemsingfestivalen og Valdres Sommersymfoni.

Information
event image

Det er ei stor glede for oss å invitere til julekonsert i Aurdal Kyrkje laurdag 19. desember.
Nok ein gong har Hemsingfestivalen ilag med Valdres Sommersymfoni gleden av å invitere til ein felles julekonsert. Denne fine og hyggelege tradisjonen om ein felles konsert starta i 2017 og har sidan den gong vorte arrangert kvart år, til fullsatte salar.
I år er konserten i Aurdal, og Eldbjørg Hemsing (fiolin), Ann-Helen Moen (song) og Atle Sponberg (fiolin) har med seg unge talent frå FRAMR-progrmamet. Me lovar vakre tonar og julestemning frå start til slutt.

eldbjørg hemsing julekonsert aurdal valdres skrivargarden fiolin klaver piano valdres sommersymfoni hemsingfestivalen annhelenmoen framr

Restrictions

Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: daglig-leder@hemsingfestivalen.no

Waiver

Kjøpte billettar refunderast ikkje.