page view image

Jazz i Ballsalen med Ola Kvernberg Trio

Information
event image

Kva skjer når ein av Noregs mest nysgjerrige musikarar får ein ballsal, eit lite publikum og frie tøylar? Det finn du ut på Jazz i Ballsalen.

Her møtar du Ola Kvernberg i eit heilt anna format enn på den store konsertscena. Eit intimt rom møtar musikk som kan ta uventa vegar. Ingen avstand mellom artist og publikum – berre musikarar, menneske og musikk.

Kvernberg rører seg fritt mellom jazz, folkemusikk, klassisk, rock og improvisasjon. I Ballsalen får du oppleve denne musikalske nysgjerrigheita på nært hald – i eit format der samspelet, spontaniteten og augneblikket står i sentrum.

Dette er konserten for deg som likar å vere tett på musikken. Og for deg som vil oppleve Ola Kvernberg i eit rom der alt kan skje.

olakvernberg kvernberg hemsing hemsingfestivalen festival konsert jazz jazziballsalen trio jazztrio

Restrictions

Innehavar med eit ledsakarbevis, gjev rett til gratis billett for sin ledsakar. Ta kontakt med festivalens administrasjon: info@hemsingfestival.com

Waiver

Kjøpte billettar refunderast ikkje.